Historia vår

Det starta på Voss

I 2022 såg Vossaspelet dagens lys. Ideen var enkel: å lage eit brettspel med utgangspunkt i vår eigen heimstad, der lokale bedrifter og kjende stader fekk plass på spelebrettet.

Bak ideen stod Kåre Norevik, som lenge hadde hatt sansen for brettspel. Inspirasjonen strekkjer seg heilt tilbake til barndommen, då han kjøpte det gamle «Spelet om Voss» utanfor Domus på Voss.

Men tanken bak Vossaspelet handla om meir enn å lage eit nytt spel.

Å samle folk rundt bordet

I ei verd der stadig meir av kvardagen går føre seg på skjermar, ønskte Kåre å skape noko som kunne samle både familie og vener.

Eit spel der mobilen kunne leggjast til side, praten fekk gå, og både unge og gamle kunne konkurrere, le og ha det kjekt saman.

Samtidig skulle spelet løfte fram lokalsamfunnet, med kjende stader og lokale bedrifter som ein naturleg del av opplevinga.

Frå idé til verkelegheit

Hausten 2022 kom endeleg dei første pallane med Vossaspel til Voss.

Tidsplanen hadde vore så knapp at det ikkje eingong hadde vore tid til å få ein vareprøve frå fabrikken.

Spenninga var difor stor då eskene vart opna. Etter månader med planlegging og arbeid var dette første gong det ferdige spelet vart sett med eigne auge.

Heldigvis vart Vossaspelet godt motteke. Over 3 000 spel er selde, og det som starta som ein lokal idé, har utvikla seg til noko større.

Voss var starten. Sarpsborg er neste.

Den gode mottakinga gav oss lyst til å ta konseptet vidare.

No byggjer me Stedspill, der stadig fleire norske byar og stader skal få sine eigne brettspel. Med Spillet om Sarpsborg tek me neste steg, og fleire byar står på ønskjelista.

Grunntanken er framleis den same som då Vossaspelet vart til: å løfte fram lokalsamfunnet og skape speleglede på tvers av generasjonar.

For i ei digital verd treng me framleis noko så enkelt som å samlast rundt eit bord.

Voss var starten. Sarpsborg er neste. Og me har berre så vidt begynt.